fredag 1. november 2013

WebUntis

WebUntis Gå til skulens heimeside. Trykk på timeplaner til høgre. Logg inn med Feide-id.

 Før eg bestiller eit rom pleier eg å sjekka at det er ledig. Du treng eigentleg ikkje gjera det, for rommet kjem ikkje opp som ledig når du bestiller, viss det er oppteken. Men eg liker å ha oversikten.

 Rom ledig?
1. Då går eg på timeplan og romoversikt.
 2. Der vel eg dato og rom og trykker forset. Då går eg får opp oversikten.
 3. Viss ein eller fleire timar er merka grøne er rommet opptatt. Før markøren over dei grøne felta og du vil sjå kven som har bestilt rommet. Kanskje er det du sjølv;)

 Bestille rom
1. pass på at du bestiller rom på rett dato, starttid og sluttid.
2. trykk ned rullegardina på romgruppe og vel. (ikkje alltid så lett å vite i kva gruppe ein finn ulike rom, men det husker vi etter kvart)
3. Trykk søk og vel eit eller evt fleire rom. (ja, du kan bestilla fleire rom, men det ser ut til at du berre får stadfesting for eit rom)
4. Trykk fortset nedst på sida og bestilla på neste side.
5. Viss du vil sjekka at du har klart det, gjenta pkt 1-3 på Rom ledig?.

Avbestilla/kansellera/frigi rom
1. vel dato, trykk timeplan og lærer. Sjå at der er din timeplan som kjem opp.
2. trykk på timen som er merka med grønt. Om det er fleire, vel rett time.
3. trykk på best.nr til høgre.
4. vel kanseller bestilling nedst og bekreft i nytt vindu. Nb! Om du har bestilt fleire rom i same bestilling, forsvinn alle romma når du kansellerer bestillinga, sjølv om bestillinga berre er merka med eit av romma.

Bestille iPader
1. Trykk på bestille og bestille ressurs
2. Velg dag, tid og varighet
3. Velg ressurstype (klassesett iPad) og søk
4. Huk av dei iPadene du treng og trykk forsett.

Merk at nr 1-20 ligg i grupper på 5 stk, medan nr 21-30 ligg ein og ein.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar